lørdag, februar 11, 2012

Volda rideklubb inviterer til junior-/rekrutteringsstemne

Volda rideklubb legg opp til eit nytt og flott tilbod neste helg! Forhåpentligvis blir det god oppslutning – og sidan det er muleg å låne hest – kan det vere litt enklare for folk med litt reiseveg å bli med!

For fyrste gong har Volda rideklubb gleden av å invitere til rekrutteringsstemne for born og unge.

Dato: Laurdag 18. februar klokka 14.00

imageStad: Vollane ridebane på Rotevatn

Det vert høve til å låne hest for dei som ikkje disponerer eigen hest (gi beskjed om dette ved påmelding).

Nedre aldersgrense 2 år.

Pris: 100 kr per deltakar

Premiering: Sløyfer og gåvepremiar til alle deltakarane, ingen rangering.

Klubben har tryggleiksvestar og ridehjelmar til utlån. Hugs sko med hel og varme kle, gjerne vottar.

Det vil også bli premiering for beste kostyme!

imageDet vert sett opp ei enkel hinderløype, som består av små hinder, samt kjegler og bommar. Borna får med leiar på turen, dersom dei ikkje kan/ynskjer å ri åleine. Valfri hinderhøgd (10-40cm) og valfritt tempo.

NRK (Norge rundt) kjem til å vere til stades for å gjere eit intervju med ein av deltakarane (avtalt på førehand), men det er mogleg at ritta til fleire vil kome med på opptaket. Gi beskjed dersom de ikkje ynskjer å kome på film!

Påmelding innan onsdag 15. februar, til livjorunn83@gmail.com

Fyrstemann til mølla når det gjeld påmelding :)

Mvh Volda rideklubb

Ps: Spre gjerne ordet til folk de trur kan vere interesserte.

Bilda er lånt frå www.voldarideklubb.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar