torsdag, august 02, 2012

Ei av dei flotte bryllaupsgåvene

Vi fekk utruleg mykje flott til bryllaupet vårt! Er nesten mållaus – her er mykje vi kjem til å få stor glede av i kvardagen – og som vil minne oss om den flotte dagen. I tillegg fekk vi pengar, som vi skal kjøpe noko fint av, til dømes gassgrill og snøfresar (fine ting!) :)

Må berre vise ei av gåvene vi fekk – som er heimelaga.

[IMG_0754%255B3%255D.jpg]

Duken/løparen er sydd av søskenbarnet mitt, Annka B. Rovde/Annka’s Syrom, med innbrodert bryllaupsdatoen i eit av hjarta.

[IMG_0756%255B3%255D.jpg]

Fikk også spisebrikke som står i stil – og i innflyttingsgåve tidlegare har vi fått fire små brikker, i same fargar.

[IMG_0757%255B3%255D.jpg]

Om du er ute etter ei personlig gåve – eller ein heimesydd ting til deg sjølv, sjekk ut Annka’s Syrom. Ho tek imot bestillingar :)

Bilda er lånt frå bloggen til Annka. Du finn ho også på Facebook.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar