søndag, oktober 28, 2012

Korleis kome i gong–med blogg på blogspot

Etter at blogspot la om litt på oppsettet sitt, ser eg at fleire slit litt med å kome i gong å blogge. Tenkte eg kunne prøve å lage ein “steg for steg”-guide her!

Gå til www.blogger.com.

image

Om du har ein google-konto, loggar du på med den. Om ikkje vel du “REGISTRERING” oppe i høgre hjørne.

Fyl instruksane der, og vel neste trinn. Sidan eg alt har google-konto, loggar eg inn med den.

image

Då kjem du til dette bildet. Det same bildet kjem du til etter du har oppretta ny google-konto.

Oppe i høgre hjørne kan du endre språk om du vil.

Nede i venstre hjørne har du val om å velje “Ny blogg”. Om du har bloggar frå før, ligg dei lista ved sidan av, slik som det gjer med meg her.

Vel “Ny blogg”.

image

Fyl inn tittel på bloggen din (kan endrast seinare) og deretter ønska adresse, og vel utsjånad (mal, kan også endrast seinare).

Deretter trykker du “Opprett blogg”.

image

Då er du klar til å blogge!

Det står “Begynn å legge ut innlegg”. Du kan også velje “blyanten”, og skrive innlegg på den måten :)

image

Då er det berre å blogge i veg. Tittel på blogginnlegget øvst, og innholdet i den store kvite ruta. Vil du sette inn bilder, gjer du det ved bruk av dette ikonet: image

Så er det berre å prøve seg fram :)

Trykk publiser midt på sida øverst når du er fornøgd med innlegget. Det kan sjølvsagt endrast på også etterpå!

Lukke til – og eg vil gjerne lese bloggen din, så legg gjerne att ein kommentar til meg, med adressa di!

NB! Om du får installert Windows Live Writer på pcen din, er det absolutt å anbefale, framfor webløysinga til blogspot. Då går alt som ein leik. Kan lage ein guide til det i neste runde :)

3 kommentarer: