mandag, oktober 15, 2012

Så mange fine bøker

Eg er ingen lesehest, men eg er likevel glad i bøker. Oppskrifter for eksempel, og gode tipsbøker! Og den siste tida har det kome fleire bøker som fristar.

Her er nokre av dei eg tenker å få plass til i bokhylla etterkvart!


Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere
Denne anbefalar eg å kjøpe frå veggis.samaraga.com, som er bloggen til Mari-Louise Uldbæk Stephan, ei av dei som er med i boka. Den kan sjølvsagt kjøpast frå haugenbok.no og andre stadar også, men ved å bestille den via Mari-Louise sin blogg, får ho ein liten prosent av salet.


Gobitar frå besta si kokebok - tradisjonsmat frå Sunnmøre
Ei bok eg har høyrt mykje positivt om, som eg trur vil vere "kjekk å ha" i samlinga. Eg er ikkje verdens flinkaste å bruke oppskriftsbøker, men når tida strekk til, er det kjekt! Tradisjonsmat er viktig at ikkje går i gløymeboka. Les omtale her.


52 opplevingar på Sunnmøre
Eg trur denne boka er minst like kjekk for oss som bor på Sunnmøre som for turistar!



Utemat
Maten smakar alltid bedre når man et ute...! Les omtale av boka her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar