Viser innlegg med etiketten KJEKT Å HA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten KJEKT Å HA. Vis alle innlegg

tirsdag, november 30, 2010

Islykt!

Etter tips og ide frå Janita måtte eg prøve meg på ei islykt i helga.

IMG_0826

For å lage:

  1. Finn fram PLASTbøtte og PLASTglass e.l. (Brukar du glass vil det sprekke).
  2. Fyll bøtta med litt vatn i botnen, la dette fryse
  3. Fyll meir vatn i bøtta, sett plastglasset nedi vatnet. Ha noko tungt i glasset så det ikkje flyt opp. Det kan f.eks. vere steinar.
  4. Når alt er fryst må du få lykta ut av bøtta og glasset. Skyll utanpå bøtta med varmt vatn, den vil raskt sleppe taket. Fyll glasset med varmt vatn og vent til også det slepp taket.
  5. No kan du tenne på lykta di!

Tips: Vil du ha farga lykt kan du ha konditorfarge i vatnet.

IMG_0830

Nokre erfaringar gjorde eg meg på første forsøk, så den neste skal bli høgre, for no er den for lav til dei minste kubbelysa eg har, ergo bles dei berre ut. Og telys brenn seg nedover botnen, derfor inga god erstatning.

Men kjekt å bruke kulden til noko fornuftig ;o)

onsdag, oktober 06, 2010

Dagens julegåvetips

Eg har skreve om nettbutikken steikjefine.no før, men sidan det nærmar seg jul, tenkte eg det var greit med ei lita påminning….

Sambygdingen Stian har starta nettbutikk der du kan designe dine egne kle, både ein som er retta mot oss på Søre Sunnmøre og ein meir uavhengig av stad.

Kva med di eiga “Eg <3 potetball”-tskjorte eller “Dronninga av Hareid”?

imageimage

Desse, og mange fleire finn du i nettbutikken til Stian.

Anbefalar deg å ta ein tur innom sidene:

www.steikjefine.no og www.klesdesigner.no

Her kan du finne mange artige sitat på t-skjorta di, eller du kan lage dine heilt eigne, med personleg preg. Enjoy! Veldig kjekt no mot jul Smilefjes 

Du kan også følge med steikjefine.no og klesdesigner på blogg, og bli oppdatert på rabattar og nyheiter:

http://www.steikjefine.blogspot.com/

http://www.klesdesigner.blogspot.com/

Har du eit godt julegåvetips?

tirsdag, april 20, 2010

Tempur reisemadrass?

Når eg er ute å reiser, er ryggen min svært avhengig av gode senger. Hotellsenger går som regel greit, men det er litt råflott å aldri kunne sove “på sofaen” til nokon. Derfor lurer eg på å gå til innkjøp av ei slik Tempur Reisemadrass, for å overleve på andre madrasser enn vi har heime.

imageEg har klart å finne litt skreve om reisemadrassa, men om det er fleire som har erfaring med den, vil eg gjerne høyre det! Er den verdt innkjøpet?

Og har du tilfeldigvis ei liggande, som du ikkje brukar, kanskje du vil selge den? Om eg ikkje finn brukt, vert det nok innkjøp av denne, og overnatting på Bed and Breakfast i sommar. Då går det “opp i opp” om vi skulle ha bodd på hotell ;) Iallfall prismessig!

fredag, juni 19, 2009

Tips om ei (to) kjekke nettside(r)

Eit lite reklameinnlegg, men forhåpentligvis til glede for mange :o)

Brandølingar er smarte folk, og Stian er ingen unntak ;o) Han har starta nettbutikk, der du kan designe dine eigne kle. Både ein som er retta mot oss på Søre Sunnmøre og ein meir uavhengig av stad.

Kva med di eiga “Eg <3 potetball”-tskjorte eller “Dronninga av Hareid”?imageimage

Desse, og mange fleire finn du i nettbutikken til Stian.

Anbefalar deg å ta ein tur innom sidene:

www.steikjefine.no og http://www.klesdesigner.no/

Her kan du finne mange artige sitat på t-skjorta di, eller du kan lage dine heilt eigne, med personleg preg. Enjoy!

fredag, desember 26, 2008

Årets heimelaga julegåve;)

I eit tidlegare innlegg "skrytte" eg litt av at eg hadde laga julegåve. Det var ikkje så veldig avansert, men eg fann ut eg skulle lage ein rein Mitzi-kalendar heilt frå scratch - ikkje med hjelp frå nettfotobutikkane.

Omsider som resultatet blei til, fann eg ut at eg måtte lage den ordentleg, så den blei trykt og hefta saman på Viketrykk, eit lokalt trykkeri, og eg er strålande nøgd med resultatet! Og det håper og trur eg mottakarane av kalendarane også vart=) 

 01forside09 02januar09 03februar09 04mars09 05april09 06mai09 07juni09 08juli09 09august09 10september09 11oktober09 12november0913desember09

tirsdag, august 19, 2008

Eit skilt - nytt og vakkert

Eg har handla - og i dag kom pakken. Det var jammen kjapp levering, og slik ein kosleg pakke! Det er ikkje mange nettbutikkar ein får personleg helsing i pakken også... Tusen takk, Marit!

Eg har nemleg handla på Veslehuset. Ein kosleg bloggbutikk med mykje fint og heimelaga. Eg kjem nok til å ta turen innom der fleire gongar ja! Anbefalar deg å ta eit besøk!

Dessverre berre mobilbilder. Eg var litt for ivrig med å opne pakken til å leite fram kameraet ;o)

Skiltet fall absolutt i smak, og eg gler meg til å få henge det opp på ei nymalt dør (må berre male den først...)!

dsc00163dsc00164dsc00166 dsc00165

søndag, august 10, 2008

Kor bur søppeldunkane dine?

Har dei like fint hus som våre? Her har dei endå til eigen blomster som heng ved inngangen.

Brandalssommar 024 Brandalssommar 025

"Huset" er det min kjekke onkel som har laga, til den tida vi hadde søppelsekkar. Når dunkane kom til gards, blei golvet senka og huset kan fortsatt brukast. Planta er det tante som har ordna, og kvitmalinga har eg "klæsja" på. Boda vert brukt av dei fire husa i grenda vår.

mandag, august 04, 2008

Frimerker med personleg vri?

Ein dag eg var på Posten for å hente pakke såg eg ein reklameplakfrimerke_mitziat. No kan du lage frimerker med ditt personlege bilde. Nyfiken som eg er, måtte eg sjølvsagt inn på Posten sine nettsider å sjå nærmare på dette.

Eit artig innslag for å gjere brevet litt meir personleg - brev ja - kor mange sender brev i dag? Frimerket blei nokre kroner dyrare slik då, men mykje kjekkare å klistre på, innbiller eg meg.

Eg måtte sjølvsagt teste eg dåm, lett påverkleg som eg er... Og naturlegvis blei det Mitzi som blei den utvalgte. Ein fin måte til å nytte nokon av dei mange bilda eg har tatt av ho.

Eg var ikkje tenkt å "avsløre" frimerka på bloggen her heilt endå - men samtidig syns eg det var ein ganske kjekk ting, så eg ville "reklamere" for. Sjølvsagt er det ein måte for Posten å tene litt meir pengar, men med den gode servicen Posten som regel gir, syns eg det er greit med litt snikreklame. Ja, eg veit det er mange rare episoder med Posten som kjem fram, men vi gløymer ofte alle dei gongane dei gjer ein super jobb - som å finne fram med adressa "Kristina. Det blå huset i bakken, Bergen" osv.

då ventar eg i spenning på frimerker i postkassa, slik at eg får sendt avgårde ei bursdagshelsing til Østlandet til neste veke, med Mitzi på konvolutten=)