søndag, desember 23, 2007

GOD JUL og sakna pus!!

Rakk aldri skrive ferdig innlegget eg starta på lisje-julafta.
Så då får eg seie fortsatt god jul til alle saman!
Håper julekvelden var fin og nissen var snill med alle.

Her var det ein fin julekveld, Mitzi leita etter spennande pakkar, og elles var det veldig mykje fint i pakkane som var til oss tobeinte også.

Dessverre var det berre Mitzi som var her - Phoebe har gått på tur, og vore vekke lenge - over ei veke no, forsvant forrige mandag. Er det nokon som har sett ho, må dokke seie frå. Men aller helst har ho vel tatt seg ein tur til skogs, får berre håpe ho har tenkt å komme igjen.
Eit par bilder av den sakna frøkena:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar