søndag, april 08, 2007

Det var den påska...

Då er det 1. påskedag, og påska er nesten over. Eg har nattevakt på drosjesentralen no, og det skal bli godt å parkere bilen i morgon tidleg.

Har ikkje skjedd så mykje i påska, den har gått med til jobb, sove, jobb, litt besøk og sove. Har no rekt å møte nokre av folka som var heime på påskeferie, men dessverre altfor få - så folkens - vi sjåast til sommaren:o) Då skal eg stille sterkare, både på Hareid og i Volda - eg lovar!! Bildet er forresten berre illustrasjonsfoto altså, lånt frå nettet, etter eit kjapt google-søk på taxi;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar