Eg begynte å skrive blogg om langhelga forrige veke, men kom egentlig ikkje lenger enn å skrive overskrifta...
Det var skjønt med litt ekstra fri, sjølv om det også har gått veldig fort, noko også veka etter har gjort. Skal tru kva grunnen til det er? Kan det ha noko med denne karen å gjere?...
Sindre med mine kule solbriller, roadtrip til Oslo...
Vi satt oss i bilen på søndag, først retning Barstadvika (korkafe med Brandalskoret), deretter Rovde og familiekvelds med familien Riisøen, før vi satte kursen mot Oslo på kvelden. Vi bytta på å kjøre og sove, og var vel framme i Oslo kl 07.30. Eg er glad ikkje det var eg som kjørte når vi kom fram - det var jo midt i morgonrushet, så Sindre kjørte rett gjennom sentrum, og rota oss bort til Sjølyst - der vi fant eit hotell å bo på til dagen etter.
I Oslo var det strålande sol, og flott turver - så vi vandra litt rundt om og såg mykje rart:p
På kvelden møtte vi Elise og Rognald på Aker Brygge, og Sindre fekk teste T-bane for første gang.
Tysdagen var alle butikkar stengt, 1. mai - og Jane (niesa mi) fylte år (forrige blogg), så då starta vi heimturen, og stoppa med søs. Trur kanskje det var den kjekkaste delen av turen for Sindre sin del:p Der var nemleg trampoline...!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar