lørdag, oktober 20, 2007

www.sjoborg.no

Litt lite aktivitet på bloggen no. (Takk for påminnelsen, Gunnar;))

Først og fremst trur eg det er for eg syns det er kjedlig å poste ein blogg utan bilder, og eg ikkje har nokon nye bilder, men også fordi at den siste tida har gått i jobb-jobb og jobb. Kvifor?
KINOEN I ULSTEINVIK HAR ENDELEG OPNA!
Foto: Leif Ringstad (c)

Det har vore ei strålande opning, med flotte besøkstall og utruleg mykje blide og kjekke folk å møte. Eg har hjelpt til med opplæring i kioskdelen, men no skal eg ikkje jobbe der meir. Kjem nok likevel til å bruke kinoen flittig, og Sindre er jo kinomaskinist der:) Ja, eg har forresten fått testa å starte film då:p Fekk prøve det mest avanserte som måtte gjerast, nemleg trykke på to knappar;) Nei, er nok litt meir avanserte greier dei må kunne ja, dokke er flinke heile gjengen!

Websida til kinoen har blitt kjempebra, og er mykje brukt. Her kan du både lese filmomtalar og kjøpe billettar heime i di eiga stue, ja, du kan printe ut billettane der også, eller komme i kiosken å ta dei ut der, om du manglar printer. Artig, og mange har nytta seg av det tilbodet. Sjekk ut www.sjoborg.no. Jaja, det var dagens reklame!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar