søndag, november 11, 2007

Ein eeeeffektiv søndag!


Jada, det heiter vel at ein ikkje skal jobbe på ein søndag, men i dag har vi jammen vore effektive...

Først litt "skitjobbing" og "skitopplysningar". Septikkloket har krympa, og dermed datt det i kummen sist det var tømming. Herleg! Har fundert ei stund på korleis vi skulle få ordna nytt, har berre leie ei treplate + gamleloket over no, men slik kunne det ikkje ligge til vinteren, så når eg såg første snøfnugga fekk eg litt hastverk... Spurte både her og der, men ingen hadde gode nok råd til kvar eg kunne få tak i noko som kunne duge. Men herr bilekspert kan brukast til meir enn berre å skru bil. Asgeir visste råd, etter litt tenking og diskutering, støpte ein annan snill kar nytt lok i betong. 120 kg! Så då fekk vi det på plass i går. Hagen ser kanskje meir ut som ein åker no, enn hage, men det ordnar vi til våren:o)

Etter "skitjobben" hadde vi fått ein god porsjon frisk luft (og litt anna luft), så då fann vi ut at litt innandørs-jobbing var tingen. Stua blei shina og rydda på fredag. Alle skuffer og skap bar nok preg av mi hastige rydding, men no er der system i alt. Flinke vi er! Så då fann vi eit nytt rom - eller dvs fleire - loftet! Fekk kasta litt av kvart, rydda og systematisert, berre kjedlig arbeid, og ikkje synleg heller, men vi fekk iallfall fyllt opp bilen med litt av kvart skrot, og ein god følelse på kvelden, å ha vore effektive:) Prøvde å ta eit bilde av skrotet, men det blei så mørkt, at det vart berre toll...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar