fredag, november 23, 2007

Ein glas vatn...

Kva kan du bruke eit glas vatn til? Eit litt stort glas, rundt 4 dl. Det utgjer 1/5 av den anbefalte mengda vatn eit menneske bør få i seg i løpet av ein dag, og kaldt og friskt vatn er godt det, til å slukke tørsten med.

For ein katt er det også kjekt med vatn å leike med labbane i og plaske litt, eller drikke. Ja, det mest fornuftige uansett er nok å drikke det.

Eller du kan prøve å dynke senga med det, seng, dyne, pute og laken. Kanskje det er det mest fornuftige, faktisk? Pass på å treff alt, og minimalt på golvet, der du faktisk med enkelheit kan tørke det opp. Og brått verkar 4 dl vatn til å meir vere 1 liter, eller kanskje 2. Når rommet frå før held ein temperatur på nokre få grader, fryktar ein nesten at det vil bli frost i løpet av natta;o) KALDT OG VÅTT!!! Og sjølvsagt gjer du dette når klokka viser kveld eller natt, slik at du ikkje har sjanse å få dette tørt før du skal sove... Det er faktisk litt fornuftig, for det framkalla ein herleg latter - og ein god latter forlenger jo livet, heiter det - så då må det vere fornuftig, ja det er konklusjonen min:)

Og for den som lurer - eg var ikkje syndaren, sjølv om fleire kanskje ville tippe det;o)


1 kommentar:

  1. *knis*

    Selv om du konkluderte med fornuft, så vet jeg ikke helt jeg...

    SvarSlett