mandag, januar 28, 2008

Eg har ridd STOOOR BRUN!

Etter ein litt trist fredag (sjå innlegg lenger ned), var det kjekt med litt avkobling resten av helga. Tanken var at vi skulle til Ålesund på laurdag, men det blei droppa, slappa av, såg film og rydda heime, og aka på kvelden (forrige innlegg).



Søndag stod vi opp tiidleg (07.30!), og reiste til Volda. Sindre og Sverre kjørte vidare til Bondalseidet, eg for fram til Liv Jorunn. Fann ut at eg ikkje hadde vore der på vel eit år. Jammen på tide! Vi sat inne å skravla eit par timar, før vi fann ut at det var på tide å gå i stallen.

Liv Jorunn har kjøpt seg ny hest for eit par veker sidan, så eg gledde meg til å inspisere den;) Og med det tenkte eg å knipse litt eg. Men der tok eg feil. Liv Jorunn strigla og ordna, sala opp, og snakka om å longsjere. Tenkte ho var tenkt å ri etterpå eg.

Thoke, 5 år gammal oldenburger. Han var fotogen innimellom iallfall:o)



Litt nysgjerrig av seg også!


Og ikkje minst pen!


Og litt nysgjerrig av seg, men var flink i longelina!


Og vips, så var eg i salen... Det var høgt opp det! Hjelmen er Liv Jorunn sin, så den sit litt høgt på hovudet mitt:p


Måtte prøve litt anna gangart enn skritt også. Og når vi blei enige om tempo (han var nesten for treg av seg), var det flotte steg på guten!

Liv Jorunn har også blogga om dagen. Bloggen hennar finn du her.
Har fleire bilder frå dagen, av Pokemann og Odin også, men no står nokre karar klar for ny photosession, så eg må springe!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar