søndag, februar 03, 2008

Søndag

Helga nærmar seg slutt, og den har vore litt kort denne gangen, men med ein kjekk fredagskveld på jobb, gjer ikkje det så mykje at det ikkje var heilt fri.

Laurdag og søndag har vi berre slappa av inne og ute her heime. Mitzi har kosa seg saman med oss og terningen sin. Snøen er litt skummel, litt kjekk og litt travel, syns ho, der ho hoppar som ein annan kenguru bortover.

No sit eg og Mitzi inne å kikar ut på regnet og starten på snømann og snøhole. Varmt og godt frå oljefyringa, kakao med krem i k(r)oppen og stearinlys i kvar ei krå. Sindre har akkurat fere på jobb.

Bilda er av laurdagens dessert, pistasjis med eplekake, og Mitzi med sin kjære terning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar