torsdag, juni 05, 2008

Oioi - ei lita stund sidan oppdateringar

No var det kanskje på tide med litt oppdateringar. Men grunnen til manglande oppdatering - er jobb, arrangement og konfirmasjon - og ikkje minst - eit nydleg ver utandørs!

No skriv vi juni, og i går fekk eg liv i heimesida mi igjen. Den har ikkje vore oppdatert noko særleg på 1,5 år trur eg. Kanskje på tide? Der skal kome meir etterkvart, er planen, men det skjer ikkje så raskt no når det er sommar og fint ute. Uansett - adressa er annikaa.com og der ligg mellom anna bilder frå konfirmasjonen til Jane no.

Ei kjapp oppsummering av siste rest av mai:

Ulsteindagane 08

23. mai: To konsertar på Sjøborg.
- Konsert med HHAA, Deep Frozen og The Margarets. Gratiskonsert for ungdom under 18 år.
- Konsert med The Margarets. I samarbeid med Quality Hotel Ulstein. For dei voksne.

24. mai: Rånetreff på Rådhusplassen. Arrangert av Ulstein ungdomsråd.
25. mai: Konsert med Ulstein storband og Kåre Conradi.
28. mai: Konsert med Andrae Crouch
29. mai: Glimt frå Astrid Lindgren si verd. Ulstein kulturskule.
30. mai: Hildegunn+Leif Per på Sjøborg
31. mai: Back to the 80's-konsert på Sjøborg. Rådhusrock på Rådhusplassen.
1. juni: Songarstemne-konsert. TenSing-konsert.
I tillegg var det så klart mykje spennande som skjedde rundt om i sentrum - men eg merka ikkje så mykje til det, fordi eg ikkje fekk med meg siste helga av dagane.

I staden hadde vi ei flott familiehelg på Hadeland!
30. mai til 1. juni: Konfirmasjon til Jane på Brandbu/Gran.

Vi kjørte nedover på fredag, og var framme på Lygnasæter Hotell kl 20.15 ca. Pappa og Eva kom omtrent samtidig. Var ein tur innom Anja og dei på kvelden.

Laurdag var Jane's store dag! Vi var først til seremoni, så var eg, Jane, Anja, Kai og Christine ute på "torsdagsgården" til Jane og fikk tatt litt bilder, før vi vende nasa mot Gran, og spiste mykje god mat og kosa oss. Veret var heilt fantastisk (og veldig varmt), og det var ein kjempedag.

Søndag var vi innom Orhagaveien igjen, før vi vende nasa mot Møre igjen. Hadde eit stopp på Otta og eit på Dombås, før vi var heime i 10-tida søndag kveld. Etter ein time gikk straumen... Men var heldigvis tilbake morgonen etter.

Fleire bilder frå konfirmasjonshelga finn du på annikaa.com!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar