torsdag, juli 31, 2008

Ein tur til fastlandet

Kjellarreol frå www.biltema.noI går tok vi oss ein tur til Ørsta og Volda, for å jakte på kjellarreolar - vi treng litt hyller både i bod og kjellar. Men kjellarreol? Det viser seg å vere vanskleg å finne... Ein heilt enkel sak, men ingen butikk vi har vore innom har hatt det til no...  Vi kunne sikkert klart å bygge noko, men eg veit jo at det fins, for vi har jo frå før, men der den er kjøpt, har dei ikkje noko no iallfall... Bildet er lånt frå www.biltema.no, som eg fann ut etter vi kom heim at har. Takk for tipset, Julianne!

Men sjølv om vi ikkje fann reol, fann vi diverse andre kjekke ting og ikkje minst kjekke folk. På ti minutts varsel, klarte vi å samle "heile gjengen" på Viva til middag! Det må eg seie var litt imponerande :) Eigen bildeblogg under.

Osaka - servise frå www.skeidar.noCD/DVD-hylle frå www.skeidar.noFørst var vi innom Skeidar, fann oss CD/DVD-hylle til   stova. Planlagt innkjøp. I tillegg blei det både nytt teppe og nytt bilde på veggen, samt supplering av det fine serviset eg kjøpte på "lagertømming" på gamle-Skeidar i Ulsteinvik. Annika og Sindre i butikk kan vere skummelt til tider... Men vi blei nøgde med kjøpa, så då er det kjekt!

Rosa Lina-teppe frå www.skeidar.noSjølv om eg kanskje helst ville hatt dette rosa teppe i stua, fall valet på eit litt meir nøytralt eit, som eg ikkje har fått tatt bilder av, og heller ikkje var på nettsida til Skeidar. Alle bilda i avsnittet her er lånt frå www.skeidar.no.

Bildet som kom opp på veggen heime Nytt bilde i stova=)ser du til høgre her, eit enkelt bilde som passar godt i fargane våre, og gjorde seg fint over sofaen=) (mobilbilde, ikkje lånt frå www.skeidar.no)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar