onsdag, juli 09, 2008

Forandring er kjekt!

Eg og mamma var på handlerunde på laurdag, medan Sindre heldt seg heime - klok av erfaring ;o) Eg tenkte å kike litt på Kid, etter nye stovegardiner, men ikkje kjøpe. Sindre skal få vere med på å bestemme - han veit veldig godt kva han likar og aboslutt ikkje likar nemleg!

Men så kom eg over nokre fine gardiner då - ikkje til stova, men til kjøkkenet. På kjøkkenet er det litt enklare å skifte gardiner frå tid til annan - der er kun eit vindauge - og det er standardmål. Så då kjøpte eg to lengder, i håp om at dei vart godkjente i heimen - og det blei dei. Kanskje spesielt sidan dei gamle ikkje var så godt likte av Sindre... Og eg skal vere veldig enig - det blei trivleg på kjøkkenet vårt no!

Før:
Photobucket

No:
Photobucket

Men vi må fortsatt ha nye gardiner til stova då. Ikkje berre vil ha, men må faktisk. Eg kjøpte dei vi har no for to år sidan då eg flytta inn, og eit par månadar etter flytta også Phoebe og Mitzi inn... To viltre firbeinte høgt og lågt... Så ei av gardinene har fått ei rift på tvers ved eit uhell, og eit par av dei andre har ein del kloremerker nede. I tillegg har vi hatt sol frå tid til anna, og gardinene viser seg at dei har falma litt. Men dei heng no, endå - så finn vi vel dei vi vil ha etterkvart:o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar