I den gode varmen som er no, set vi stor pris på uteplassen vår. Både frukost og middag blir gjerne ete der, iallfall om vi er tidleg nok ute med middagen - sola går nemleg ned om lag kl 19.00, og då kjem myggen veldig raskt. I dag har vi hatt besøk som grilla saman med oss, og eg huska kameraet =) Eg trur gjestane endå til syns det var greit å vere i Brandal, sjølv om Sissel var redd bilen skulle steile opp bakken... ;o)
Tusen takk for besøket! Og velkomne igjen=)
Dei siste solstrålane i kveld, tatt kl 19.01.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar