søndag, juli 06, 2008

Helga flyg!

Så var det søndag att. To arbeidsveker igjen til sommarferie.

Helga har gått fort, men den har vore brukt fornuftig. Det har vore strålande sol, og til tider nesten for varmt, men også godt.

Sindre gikk laust på skråninga bak huset på torsdag. Der var diverse buskvekster godt blanda i kvarandre, ganske umogleg å sjå kva som var kva, og ikkje noko særleg vakkert. Vi hadde ei opprydding i skråninga for to år sidan, men først og fremst nedsaging av høgre tre.

Photobucket
Eit lite blikk på korleis det såg ut, etter litt arbeid.

Tok dessverre ingen bilder før Sindre gikk "amok". Fredag kom Tor-Andre på besøk, og karane var brått veldig effektive ute. Det viser ikkje så godt på bildet, men her er ganske mykje slått ned, men ligg fortsatt i skråninga.

Photobucket

Photobucket
Karane jobba ei god stund til, men eg ga tapt for myggen, så det blei ingen fleire bilder før dagen etter.

Ut på dagen såg det brått slik ut:
Photobucket

Og her er resten:
Photobucket

Treng litt mat også, så vi grilla ute i det fine veret i mellom arbeidsøktene.
Photobucket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar