søndag, juli 20, 2008

Kokken min!

Her i huset bur det ein kreativ og dyktig person, spesielt på matfronten. Sjølv har eg aldri vore veldig glad i å lage mat, men det har komt seg mykje dei siste åra, men den som fortener skryt for kokkeleringa her i huset, er nok Sindre :o) Spesielt når det gjeld kreativitet!

Gårsdagens "middag" var tunfisksalat - eg sov på sofaen og Sindre ordna ut på kjøkkenet. Her er det eg fekk servert:

Herleg tunfisksalat


Kosleg dekka bord

Under tomat og egg på toppen var det
- tunfisk
- isbergsalat
- ananas
- tomat
- agurk
- egg

Serverast med rømme til og godt brød, gjerne med smør til.

Tusen takk for eit herleg måltid!

Under bordet fann eg dette synet
Skjønne Mitzi
Mitzi likar å vere nær oss "heile tida"! Og sjølv om ho er nær matbordet, tiggar ho aldri om mat. Til det er ho for kresa!

1 kommentar:

  1. Hmmmm, smart triks det der med å utvide bloggen til å bruke både høgre og venstre marg. Kor du har fått til det då? Kanskje det har noko med type mal å gjere? Tvilar på eg får til dette på min mal.

    SvarSlett