På kvelden i går tok eg og Maria oss ein tur på Kvitneset. Eg skal bli flinkare å ha med kompaktkamera på slike plassar, for det var litt knødete med speilrefleksen - det same med skogsturen til Rotevassætra, men det blir sjølvsagt mykje kjekkare bilder med speilrefleksen...
Det var overskya i går, men likevel trivleg utsikt på Kvitneset. Vi møtte nokre sauer her og der, og dei vandra litt på berga også, elles var der ingen folk å sjå når vi kom opp på berga.
Kjekt selskap!
Hei!
SvarSlettKjempeflotte bilete frå ein stad eg aldri har vore.... Etter at Eiksundsambandet opna tok eg min første tur til Ulsteinvik i vår (skammeleg når det er så nært), så kanskje blir det Brandal neste gong??