lørdag, juli 19, 2008

Litt av kvart nytt...

Den siste veka har det blitt mykje nytt på ein gong. Ny oppvaskmaskin, ny tv, nytt tv-bord, ny kaffitraktar og nytt kontor på jobb!

Vi har hatt planar om ny TV lenge, og Sindre har vore bestemt på type i eit halvt år, men ville vente litt pga høge prisar, og det synte seg å vere eit godt val. I tillegg til at det blei ein nyare modell. Vi trengte også TV-bord (så mamma får att sitt kjekke bord eg berre skulle låne eit par veker), så begge deler blei brått bestilt "i ein fei" på nettet.

Photobucket
Den gamle 20" TV'en min og bordet til mamma

I løpet av forrige helg takka oppvaskmaskina for seg. Det vil seie - døra berre hoppa opp, i tillegg til at den har fjuska ei god stund, så vi var tenkt å bytte den ut i haust. Men når den streika no, fann vi ut at vi fekk kjøpe ny no i staden då. Var i Ørsta å henta den på tysdag, og samme dag kom den nye TV'en i posten. Då er det kjekt med stor bil!

Photobucket
Nøye planlagt?

TV'en var rask å få på plass, og den var stor! Jaja, eg blir vel van med det :o) Sindre syns den var passe. Fordelen er at eg klarer å sjå teksta no då, iallfall!


Photobucket
Så var det berre å vente på TV-bordet, som vi ikkje trudde kom på lenge...!


Oppvaskmaskina trudde vi også skulle vere relativt grei å montere. Og det hadde den nok vore, hadde den hatt samme mål og utforming som den gamle...

Problem 1: Den nye hadde tjukkare slangar, og dermed trengte den større hol i skapveggane dei skulle gjennom. Greit å fikse - flinke Sindre.
Problem 2: Eine foten på maskina ville ikkje virke. Erstatta den med ei fjøl.
Problem 3: Udefinerbart ei stund, men det visste seg etterkvart at maskina tok bak i ein liten kant i veggen. Klokka natt ga vi oss, og fann ut at vi måtte ha noko anna verkty for å fikse det.

Sindre gikk laust på kanten på onsdag, og etter mange timar med saging, prøving og fundering, kom maskina på plass, og den blei kobla til - den FUNKA!

Photobucket
Før!

Photobucket
Den onde fjøla...!


Photobucket
Sindre prøver å korte vekk fjøla...


Photobucket
No!
Då var det berre å vente på det nye TV-bordet... Eller?

Torsdag morgon ringte hustelefonen. Det var "post-Linda" som hadde leita opp nummeret, og kunne fortelle at postbilen hadde ein stor pakke som den var tenkt seg ut med - om lastebilen kom seg opp hit... Opp hadde den vel alltids komt seg, men ned er meir interessant. Og sidan vi har stor bil, var det ingen problem å hente pakken i Saunesmarka sjølv. Og det var TV-bordet som kom! Hurra! No er det også montert, så TV'en og kråa kom til sin rett no:o) Bilde kjem litt seinare :o)
Eg har også omsider fått eige kontor på jobb. Men det får bli i ein annan blogg :o)

2 kommentarer:

  1. jeg mener at tv'er skal plugges inn, og så skal de virke (jeg digger dingser, bare de ikke er TV'er), så den har jeg ingen mening om. Men derimot: for en smashing vaskemaskin :) Den ble skikkelig fin,fin på kjøkkenet deres :) (Dere hadde virkelig kjøkkenfarven for sort maskin er det vel jeg prøver å si, noe lite velartikulert grunnet litt slitent hode).

    Guro

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det! Eg er nesten overraska over kor godt den glei inn sjølv, og eg angrar absolutt ikkje på fargevalet! Eg var litt skeptisk først (før den kom i hus), men det blei absolutt bra! Og veldig kjekt med ei maskin som funkar som den skal!

    SvarSlett