mandag, juli 28, 2008

Varme dagar, ferie og husarbeid :o)

Sommar, sol og ferie! Ein fin kombinasjon =) Dei siste dagane har det vore utruleg varmt, både dag og natt, akkurat som i resten av landet, tenker eg. 30 grader i skuggen, litt varmare enn vi er vane med, og litt varmare enn min trivselstemperatur, men likevel har det vore skjønt med så fint ver.

049 I fjor hadde vi nokre få dagar med finever, og dei dagane var vi på tur sørover i landet, til regnet, så det er kjekt å vere heime på fineversdagane i år. Vere heime å vite at vi kan berre sløve ein dag om vi vil det, eller jobbe litt ute i det gode veret, og med jamne mellomrom kjøle seg ned med noko leskande kaldt eller kanskje hageslangen ;o)

Vi har fått gjort mykje dei siste dagane, men samtidig ikkje noko spennande å blogge om, føler eg. Likevel klør det liksom i fingrane etter å skrive litt. Så det blir liksom om ingenting dette innlegget... Eg skal prøve å få meg ein liten fotosafari snart, slik at eg har litt nytt å blogge om.

Vi har rydda i bod og kjellar, og fått kjørt vekk litt skrot, sortert litt i boda, og laga ein plan om kor vi treng hyller og andre saker. Det var eit øyeblikk eg lurte på kor alt det som dekte både trapp, vei og mark hadde fått plass i den vesle boda og kor alt kom i frå, men vi fekk plassert det etterkvart, og boda har aldri vore så ryddig før iallfall. No må vi berre få tak i nokre hyller.

Sindre har skrapa litt (mykje) papp i gangen kvar dag, og eg gler meg verkleg til vi får litt kleskap på plass der =)

Mitzi 002 Her var veggen full av gammal papp som satt igjen frå tapeten. Planen er ny tapet og golv i løpet av hausten. Må berre få orden på ei vasslekkasje på ytterveggen først.

Det er godt å tenke på at vi har nesten to veker igjen med ferie, sjølv om vi sikkert då får oppleve litt ruskever også. Kanskje eg då kan få sydd stovegardiner, noko som ikkje har blitt prioritert no akkurat...

Ønsker alle ei strålande veke i sola!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar