mandag, august 04, 2008

Frimerker med personleg vri?

Ein dag eg var på Posten for å hente pakke såg eg ein reklameplakfrimerke_mitziat. No kan du lage frimerker med ditt personlege bilde. Nyfiken som eg er, måtte eg sjølvsagt inn på Posten sine nettsider å sjå nærmare på dette.

Eit artig innslag for å gjere brevet litt meir personleg - brev ja - kor mange sender brev i dag? Frimerket blei nokre kroner dyrare slik då, men mykje kjekkare å klistre på, innbiller eg meg.

Eg måtte sjølvsagt teste eg dåm, lett påverkleg som eg er... Og naturlegvis blei det Mitzi som blei den utvalgte. Ein fin måte til å nytte nokon av dei mange bilda eg har tatt av ho.

Eg var ikkje tenkt å "avsløre" frimerka på bloggen her heilt endå - men samtidig syns eg det var ein ganske kjekk ting, så eg ville "reklamere" for. Sjølvsagt er det ein måte for Posten å tene litt meir pengar, men med den gode servicen Posten som regel gir, syns eg det er greit med litt snikreklame. Ja, eg veit det er mange rare episoder med Posten som kjem fram, men vi gløymer ofte alle dei gongane dei gjer ein super jobb - som å finne fram med adressa "Kristina. Det blå huset i bakken, Bergen" osv.

då ventar eg i spenning på frimerker i postkassa, slik at eg får sendt avgårde ei bursdagshelsing til Østlandet til neste veke, med Mitzi på konvolutten=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar