søndag, september 07, 2008

Med ynskje om ei god veke!

Ny veke, ndsc00202ye muligheiter. I morgon skal eg til Volda, på klimaplan-samling, med tema forbruk. Kanskje huskar eg/får eg tid til å blogge litt om det etterpå... No er det for seint på kvelden til å sette i gang tankerekka ;o)

Vi har fått gjort litt meir i gangen i helga. Der er mykje å gjere som tek tid, men ser vel ein ende no. Føler eg har "mast" om gangen i ei evigheit no, men forklaringa er at vi kun får gjort noko særleg i helgane, og det har tatt utruleg med tid blant  anna å rive ned pappen og sparkle over store område og deretter pusse nedsc00205d *atsjoo*. Eg beundrar tolmodet til min kjære! Papp a kjem i slutten av veka, så då går det vel endå raskare unna.

Elles har huset fått eit og to strøk med måling i løpet av veka, og listene har fått ein litt friskare farge enn den falma grøne. No har alle lister same farge - nemleg grå. Og resultatet blei bra! No gjenstår det berre å male inngangspartiet. Bilde får kome seinare. Det har eg ikkje huska på å ta...

dsc00203 dsc00211
Desse skilta var var vi med å sette opp når eg var 8-9 år... Skuleprosjekt.  

Bilda er frå ein tidleg søndagstur på Legene i dag.  

Ynskjer alle saman ei god veke.

1 kommentar:

  1. Riktig god uke til deg også :-)
    Du får gjerne huske å blogge litt om forbruk når du har lært masse nytt!!

    Guro
    -som alltid blir i godt humør av bloggen din

    SvarSlett