fredag, oktober 31, 2008

Det snør, det snør, tiddelibom...

030 Tysdag våkna eg til melding på mobilen: "Det er snø ute!" Kvelden før hadde regnet nok ein gong plaska ned, så eg trudde ikkje at det kunne vere snakk om meir enn eit tynt snølag, men eg måtte gni meg ein ekstra gong i augene då eg trakk frå gardinene... Men det kjekke med snø, er at då regnar det iallfall ikkje! Og heldigvis har både hest og bil fått på nytt fottøy for vinteren, så eg var klar til snøen.

Bilen til min kjære derimot, står fortsatt opp med huset med sommardekk. Her går ikkje det så greit å skifte dekk, og ned bakken er nok ikkje kjørbart med sommarstyling... Men det blir nok mildver om ikkje så lenge igjen, får vi tru:)

No er det helg, og sofaen er inntatt med "gullrekka" på TV'en!

Hestetreningsblogg for den siste veka finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar