onsdag, oktober 01, 2008

Ein smakebit av teaterstykke Zivil

Jobb-blogg! Torsdag 2. oktober kjem Riksteatret på vitjing til Ulsteinvik og Sjøborg kulturhus, med teaterstykke Zivil av Erlend Sandem.

image No kan du også få ein liten smakebit av stykke, du finn videoen her.

Eit stykke om samhold og kjærleik, å prøve å skape eit samfunn når krigen rasar utanfor. Fem mennesker lever i ei ekstrem verklegheit. Dei forsøker å skape eit samfunn som fungerer, medan krigen rasar utanfor.

Stykket hadde urpremiere i Førde måndag, og kritikkane er veldig gode. Ein av dei kan du lese her.

Dette er ei sterk skildring av korleis mennesker lever sine liv i ei forkrøpla verklegheit, ei verklegheit der samhold og evna til kjærleik vert livsviktig for å kunne overleve. Krig sender sivilbefolkninga på flukt. Nokon av dei søker seg til fredfylte Noreg. Mange av dei ber med seg historier som dei vi ser i Zivil, og to av desse møter du som skodespelarar i stykket.

Stykket er skrevet av den unge og kritikerroste dramatikaren Erlend Sandem, og er eit bestillingsvert frå Riksteatret.

Med: Marit Østbye, Huy Le Vo, Besim Jakupi, Terese Mungai, Sara Baban
Regi: Mette Brantzeg, Scenografi og kostymedesign: Erik Annar Evensen, Lysdesign: Ola Bråten

Billettsal på www.sjoborg.no, i Servicetorget ved Ulstein rådhus og ved inngang (i Kinokiosken).

Velkomne til Sjøborg!
Foto: Guillermo Farias

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar