fredag, oktober 24, 2008

I natt har vi hatt besøk...

Vi har hatt besøk i natt. Kom med eit lite brak. Ho var vel ikkje heilt forberedt på at  ho skulle bli snudd på haudet, å plassert på marka med steinar over seg, like etter ankomst...

Men slik går det når ho ikkje har eigenkontroll nok til å styre unna bilane... Flygeturen enda nemleg oppå begge bilane, og derav braket vi vakna av.

Det er ikkje kvar dag vi har muligheit til å hoppe trampoline på biltaket, men vi lot det bli med tanken ;o)

Kopi (2) av Haust 011

Det har utruleg nok godt nokon lunde bra med bilane. Nokre riper og eit par mindre bulkar blei det, men det kunne jo vore mykje verre!

Det har altså vore så kraftig vind i natt, at den har laga frisbee av trampolina til naboen... Trampolina stod opprinnleg på andre sida av huset vårt, på ei lita fotballbane. Her har den letta, over eit gjerde på 2-2,5 meter, mellom huset vårt og skråninga (knappe to meter), runda hushjørnet og enda ferda på biltaka...

Så til slutt ei lita oppmoding til alle med trampoline i hagane sine... No er det vinter, og trampolina har forståeleg nok lyst inn i varmen!

3 kommentarer:

  1. Huff...dette var skummelt. Ei påminning om at vi burde pakka ned vårt trampoline før vinden tek det med seg....

    Ha ei fin helg!!!
    Klem
    p.S og tusen takk for koselig helsing når eg var sjuk. Det varmar

    SvarSlett
  2. Åjåj! ditta såg skummelt ut ja.. :S so det va der den stod også.. :S hmm.. våre veldi sterke vind inatt ja! men raude bil??

    SvarSlett
  3. Ja, forsikkerhetsskuld hadde ej lånt bil, når først uhellet skulle vere ute... Pga dei teite lysa på bilen min...

    SvarSlett