søndag, oktober 12, 2008

Innever og haustkos

margot3Oi, her har det vore stilt nokre dagar. Forklaringa er at eg knapt har vore på pcen utanom jobb dei siste dagane.

Ei god helg er snart ferdig no. Dessverre har det berre vore ein fridag denne helga, og det merkast, men det er ikkje lenge til neste helg heller, og då kjem Lea til Hareid. Det blir kjekt!

I går var det Margot-show på Sjøborg, og eg jobba. Fekk også knipsa nokre bilder avmargot1 den herlige dama, som eg trur mange kjente igjen ein slektning eller kjenning i ;o) Trur publikum kosa seg godt, og eg blei iallfall imponert over at ho holdt demargot4t gåande om lag 1,5 time, med så mange gullkorn. Eg trur knapt ho kunne rekke å puste i blant!

Har du vore kulturell i helga? Margot-showet anbefalast iallfall å få med seg, om du har høve! Elles kjem det mange kulturelle godbitar på Sjøborg vidare utover hausten også. www.sjoborg.no er ei god nettside å vitje ;o)

1 kommentar:

  1. Anonym9:45 p.m.

    Hehe, fantastiske bilde - spesielt ditta siste:)

    SvarSlett