søndag, november 16, 2008

Fantastisk, Hugo!

I dag opnar Studio Hugo Opdal på Flø ei ny kunstutstilling, og det er ikkje kven som helst som stiller ut hos Hugo denne gangen... Den britiske kunstnaren Damien Hirst er kanskje ikkje så kjent for oss nordmenn, men han er ein kunstnar i verdsklasse, kanskje den mestselgande nolevande kunstnar! Og han stiller ut på Flø - FLØ JA! Den vesle bygda ytst i havgapet, ei lita mil utanfor Ulsteinvik sentrum.

Dagbladet skriv om utstillinga i dag: http://www.dagbladet.no/magasinet/2008/11/16/554022.html

Du kan også vitje nettsida til Hugo: www.hugoopdal.no og sjølvsagt, om du bor i ok avstand, bør du legge turen innom Studio Hugo Opdal medan utstillinga er opa (fram til 28.12)!

1 kommentar:

  1. Ein veldig spesiell kunstnar ser det ut til :) spennende.
    Tenkte berre å stikke innom å fortelle kor arti det var at du snubla innom bloggen min :) Det var kjekt. Flotte bilder forresten!

    SvarSlett