mandag, november 24, 2008

Glorete julepapir til besvær..

image Det går mot jul, og vi skal snart bruke opp enorme mengder med julepapir...

I fjor brukte vi nordmenn over 50 MILLIONAR METER med glansa, MILJØFARGLEG julepapir. Det er ganske mykje det! Kan du bidra til at det blir brukt nokre meter mindre?

Miljøfarleg papir med giftige fargestoff i, som blir sett på som farleg avfall!

image Og dette papiret pakkar vi inn alle julepresangane med, for så rive det opp i full fart på julafta, og kaste det i søpla. Nokre få av oss tek vare på papiret, for å bruke det på nytt, men mesteparten hamnar i søpla.

Kvart år blir eg like overraska over kor lite muligheiter det er til å få kjøpt gjenvinnbart papir på butikkane, og spør eg, får eg berre eit skeivt og flaut smil tilbake. Men litt skryt - blant anna nille  har no farga gråpapir til bokpapir. Dette er fint å bruke til julegåvene også! image

I fjor pakka eg ein del av gåvene inn i gråpapir, nokre fann eg raudt gjenvinnbart papir til, og nokre gåver synda eg på, og brukte glansa papir, i mangel på å få tak i noko anna når det hasta med å få sendt avgårde, eller fordi det vart pakka inn på butikken.

I år skal pakkane pakkast i gråpapir eller farga gråpapir her i huset. Men dessverre blei pakkane (med unntak av ein) til dei på Hadeland pakka i glansa papir, fordi eg ikkje fekk tak i stort nok papir til å pakke inn store pakkar, og eg ikkje såg meg syn med å lappe saman, men resten av pakkane skal pakkast i gråpapir eller farga gråpapir. Håper DU gjer det samme!

Elles håper eg også at du spør etter miljøvennleg papir i butikken, og ikkje tek imot glorete papir ;)

Tek gjerne imot gode tips til kjekke, miljøvenlege innpakningar:)

Fakta er henta frå Grønn Hverdag og Nrk-artikkel.

3 kommentarer:

  1. Jammen bra du belyser temaet! Heia gråpapir!!!!!!

    SvarSlett
  2. Lurt å ta opp dette. Eg får frysningar kva jula gjer både mot miljø og pengeboka til folk. Huff...likar ikkje all peset og stresset og kjøpeplikta.
    Nei huff...nok om det :)
    Er bare innom for å ønske ei god helg. Vi skal ha navnefest til lille Trygve i helga. Det vert fint.
    Ønska deg ei god helg!!
    Klem

    SvarSlett
  3. Anonym2:01 p.m.

    Heisann!
    Ei stund sidan eg var innom sida di... Eg brukar også gråpapir... men eg har også brukt avispapir! :) Dei pakkane vert veldig fine! Brukar ulltrå istaden for band og pyntar gjerne med ein kongle! :)(etter inspirasjon frå Krukkehuset) Blir personlege og mykje finare gåver enn med det glorete "butikk-papiret" :)

    SvarSlett