søndag, november 09, 2008

Søndagskos

Eg merkar at det har vore lite PC-tid i det siste, tida er bytta ut med meir stalltid, og dermed så er det visst ei veke sidan sist eg blogga.

I dag er det farsdag, nyttar høve til å ynskje min kjære pappa ein god dag på Sørlandet - men sidan kortet kjem fram på ein kvardag, har eg eigentleg vedtatt at pappa sin dag vert flytta til den dagen kortet når fram, truleg i morgon - sidan eg var litt for sein å rekke posten før den gikk på fredag... Men uansett, det er farsdag i dag også, berre at pappa sin vert litt utvida ;)

James Bond: Quantum of SolaceNo ligg eg på sofaen, med Mitzi på fanget og slappar av, nyt søndagsmorgonen. Har vore ei runde i blogglandia og kosa meg med oppdaterte bloggar, så slo det meg at det var kanskje vel lenge sidan eg sjølv hadde blogga.

 

Denne veka har gått fort, og eg har litt småproblem med å huske kva som har skjedd. Det har vore mykje stall, litt sjukdom og ein tur på kino.

Fredag var vi på kino å såg den nye James Bond-filmen, anbefalast for deg som likar litt action! Sjølvsagt bør du helst sjå den på Sjøborg kino, men den går nok andre plassar også ;)

Hadde også besøk av hesteeigar Janita på fredag, så vi hadde ei fin økt på ridebana med Lea. Kosleg!

Ynskjer alle ein fortsatt god søndag og farsdag!

Legg gjerne att ei helsing, det er alltid kjekt;o)

1 kommentar:

  1. *helsepå*
    Lika å fylle me på bloggen din både her og der, syns dei e bra:)
    klem:)

    SvarSlett