mandag, desember 01, 2008

Eg har flaks!

Måndag til onsdag i førre veke var vi på Rovde. På vei til jobb onsdags morgon høyrte vi på Nrk Møre og Romsdal som vanleg, der det mellom anna er morgonflaks-konkurranse kvar dag.

I dag var spørsmålet "Kven vann fylkeskulturprisen 08 i Mørdsc00309e og Romsdal?" Eg visste naturlegvis svaret, det har eg gjort mange andre morgonar også. Det var berre at i dag hadde eg litt ekstra tid i bilen, samt Sindre kjørte... Fristelsen blei for stor, eg sendte inn svaret, som var Hareidsstemna, og tenkte at eg blir jo aldri trekt ut...

Kl 08.30 ringte mobilen. Æææ, Ålesundsnummer! Og jauda, i andre enden var May Britt Haukås, og eg var vinnar. Men for å vinne må ein nemleg på lufta også. Eg fekk instruksar, og ho skulle ringe opp igjen etter nokre minutt. Og dermed var eg radiogjest på morgonkvisten den dagen.

Dagen etter kom lodda i posten, og vi skrapa i fellesskap i heimen. Eg hadde flaks på to av lodda, begge skrapa av meg. Den nette sum av 150 kr vann eg. Tenkjer vi satsar på litt meir spenning, og bytter dei inn i nye lodd når vi kjem så langt:) Foreløpig ligg dei trygt på ein god plass!

2 kommentarer:

  1. Anonym6:43 p.m.

    Så artig! Søren at eg ikkje hørte deg på radioen;) Jammen har du flax i alle fall :D Får håpe den fortsette når du får nye lodd!;)

    SvarSlett
  2. Kor artig! Både å vere "på lufta" og vinne på lodda :-) Håper det blir meir lykke når du byttar dei inn i nye.

    Lykke til!

    SvarSlett