lørdag, desember 13, 2008

Vikingen ungdomsklubb er redda!

I Ulstein har vi kommunal ungdomsklubb, som opna i januar 2006. DeepFrozen 042Ein del av jobben min er det overordna ansvaret på Vikingen ungdomsklubb. Grunna mangel på aktivitetsleiar der siste året, har også besøkstala vore noko lave. Og når etaten vår skal spare x antall millionar, var ungdomsklubben eit av tiltaka som var foreslått lagt ned, med bakgrunn i den lave aktiviteten.

DeepFrozen 060No var der ein kjempekveld med konsert forrige fredag, med fullt hus (nærmare 150 ungdommar) og stormande jubel, og ungdommane fekk blod på tann! Det var mange ungdommar som "oppdaga" ungdomsklubben den kvelden. Men under ei veke seinare skulle kommunestyre handsame budsjett for 2009, og då eventuelt legge ned klubben.

Nokre ildsjeler frå m.a. Ungdomsrådet engasjerte seg og møtte opp på kommunestyremøte i går, og eg er berre så imponert over ungdommane. Som fleire veit er ikkje politikarar dei som pratar minst her i verda, og møte varte til midnatt - seks timar satt dei mest utholdande der.

Og det dei også fekk sjå, desse flotte ungdommane, var at det faktisk nytta at dei engasjerte seg. Klubben er berga, iallfall for 2009, så skal det evaluerast før 2010. 

Gratulerer til ungdommane!

1 kommentar:

  1. Gratulerer til ungdommene ja. Tror sånne fritidsklubber er veldig viktig for at ungdommen skal ha ett tilholds sted hvor det ikke er alkohol og rus som er det viktigste.

    SvarSlett