mandag, februar 02, 2009

Eit flott folkemøte!

KlimaplanplakatFor litt sidan ba eg om tips og råd til plakat som skulle lokke folk til folkemøte om klimaplan. Eg må berre skryte litt - det var eit flott oppmøte egentlig:) Rundt 40 stk fann vegen til ein miljøvenleg kveld, og det må vi seie oss særs nøgde om. (Kan nemne at i ei anna kommune kom der tre stk... og det blei avlyst)

Og eg vel å tru at plakaten var synleg og fall i interesse.

Lokalavisa var også på plass og skreiv litt om kva som skjedde denne kvelden:)

Gule lappar med gode idear (frå lokalavisa Vikebladet/Vestposten)

Vil du lese meir om prosjekt klimaplan, ta turen innom nettsida www.hivolda.no/klimaplan.

Relaterte blogginnlegg:
Treng kreativ hjelp!
Plakatutkast 1 og 2
Klimaplakat nummer ein!

Som tusen takk for hjelpa med idear til plakat, og ordnings med bilde, sender eg ei ekstra helsing til søskenbarn Ann-Kristin:)

Ynskjer alle ei god veke. Her er det fortsatt vår, og eg har FRI i dag!! HERLEG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar