fredag, februar 20, 2009

Jegeren Mitzi og snø

Den siste veka har eg knapt vore på nett, verken blogga, lest bloggar, surfa eller noko, og det har egentlig vore litt deilig, men no var bloggetranga absolutt til stades kjenner eg...

Februar 033

Sidan forrige helg har vi gått frå MAAASSE snø til nærast ingenting på kort tid. Eg tenkte eg skulle vere snill med småfuglane då det var så mykje snø, men då vakna jegeren i huset, så ho har hatt litt "husarrest", så fuglane har fått ete i fred.

Februar 040-1

No er veiar fri for snø igjen, og det er forsovidt hagen vår også. Det er kjekt med snø, men det er også godt når den forsvinn. Vi har nemleg ein bakke som ikkje er like bilvennleg når det er mykje snø og/eller glatt... Så då er det godt å få køyre opp til huset igjen etter ei veke med litt lenger vei å gå - sjølv om det er fin trim:)

Enkelte er meir glad i snø enn meg, Sindre har prøvd å grave snøhytte. Dessverre tok mildveret knekken på den før den var innflyttingsklar:|

Februar 049Februar 045

No er det helg, med innslag av Portugal i Ulsteinvik. Og søndag er det besøk frå USA. Ei spennande helg på Sjøborg. Håper nokon tek turen! www.sjoborg.no fortel deg meir. Trur det blir to flotte konsertar! Fadokonserten laurdag er nærast utsolgt. Søndagen er familievenleg, konsert med Ulstein Soulchildren og dei to karane i BRUTHA frå USA.

Sånn sett, litt synd at snøen forsvant før dei utanlandske gjestane fekk oppleve den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar