lørdag, februar 28, 2009

Kjøkkenfavorittar

Eg har fått utfordring av Janita, ei utfordring som går rundt blant mange no i bloggeverda. Favorittar frå kjøkkenet!

Først må eg nemne at kjøkkenet i seg sjølv er ein favoritt. Frå å ha nærast ingen skapplass til så mykje som det er no etter kjøkkenet blei skifta for eit par år sidan, er heilt skjønt!

Februar 140 Februar 140 - Kopi

Elles er sjølvsagt oppvaskmaskina ein favoritt. Den gamle takka for seg for litt sidan, og vi fekk kvar sitt ønske oppfølgt med den nye - eg ville ha Bosch, og Sindre ville ha svart. Eg må innrømme eg var ganske skeptisk til svart først, men når eg no kom over bilde med den forrige som var kvit, er eg kjempeglad vi valde svart!

Februar 144Den neste favoritten er kanskje litt rar å ha som favoritt - med tanke på innholdet, men eg er ganske nøgd med ideen. Vi er opptatt av å sortere avfallet, og spesielt papir og plast utgjer ein stor del av avfallet som kan gjenvinnast. Det er lett at dette blir berre rot, og om ein ikkje har eit system som er enkelt å bruke her, er det fristande å putte alt i restavfallsbøtta. Så vi har laga vårt eige system...

Papir øvst, plast i nr 2, panteflasker i nr 3 og knuseflasker og metall nedst. Hylla og korgene er kjøpt på Jysk.

Og no går sorteringa leikande lett - anbefalast!!

Om neste ting egentlig høyrer heime på kjøkkenet er eg litt usikker på, men her i huset gjer den iallfall det. Det kunne kanskje vore greit med ei Februar 148litt meir nøytral i blant, men denne gir gode minner kvar gong eg ser den. Den var kjøpt i Oslo første gong eg og Sindre var på tur saman. Vatningskanne til mine kjære blomar som eg prøver å ta godt vare på...

Februar 162

Matboksar i ulike fasongar, både med og utan motiv er kjekt, og skapet inneheld ein del slike. Dersom eg ynskjer eit kompliment på jobb, brukar eg denne, då er det alltid nokon som kommenterer kor fin matboks eg har.

Februar 160

Også andre boksar enn nisteboksar, er ein favoritt, og skapet er ganske fullt, først og fremst er TupperWare-boksane ein favoritt, og det har blitt ein del av det etterkvart. Og dei skuffar ikkje!

Februar 156

Kanskje litt gale å ha ein brødkniv til favoritt, men denne er absolutt den som vert mest brukt. Billig og god, kjøpt på nille i mi studietid. Dei dyre knivane i knivblokka slår ikkje denne...

Februar 157

Ein annan ting frå TupperWare er denne "kluten" her. Den er i silikon, og heilt genial til å skru opp ting som er umogleg å få laust.

Eg har sikkert gløymt noko no, men, men... eit lite utval iallfall:o)

Utfordringa gir eg vidare til Ann-Helen, Ann-Kristin og Hanne Marte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar