Natt til i dag stilte vi klokka mot sommar, samtidig som snøflaka lava ned, og vi vakna til eit kvitt teppe, og strålande sol i dag. Litt påskestemning, men endå ei lita veke til palmehelga. Uansett er det no ein time lenger lysare om kveldane – og det er jo kjekt. Snøen forsvinn vel igjen om ikkje så lenge.
I går var vi på konsert med Vamp på Sjøborg, ein fantastisk konsert, der alt satt som det skulle! Har du sjanse til å oppleve Vamp live – anbefalast det på det varmaste:) Og dei nye musikarane som har komt til i bandet, svarte også til forventningane, så absolutt.
Det er så imponerande å sjå Vamp på scena – slik eit sceneshow, musikarar som tydleg storkosar seg på scena, og beherskar utruleg mange instrument kvar, samtidig som alle verkleg kan å synge!
I kveld er dei i Ørsta – og der er utsolgt. Så er turneperioda deira på Sunnmøre over, og dei vender nasa heim, men eg regnar med dei skal både hit og dit i landet i løpet av året, så grip sjansen til å oppleve dei live om du kan!!
Eg fekk tatt nokre få bilder (dispensasjon, sidan eg jobbar på kulturhuset), men så gikk eg brått (og uventa) tom for straum. Bilda ligg godt bevart på kameraet endå. Planen var å legge dei på pcen før eg publiserte innlegget, men eg får heller legge dei ut i morgon.
Sidan eg sit på lånt pc, vert det også lite bilder elles i innlegget… Pcen min har tatt kvelden for godt, no er den heilt tom for straum, og nektar å ladde… Så det var det pc-eventyret ;o)
I morgon er det ei ny veke, nye mulegheiter;) Men NO er det natt! Sov godt:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar