torsdag, april 16, 2009

Eg har vunne!!!

I bloggeverda blir ein “kjend” med mange kjekke folk rundt om i Norges land. Ein av bloggane eg har fulgt fast sidan eg kom over den for ei stund sida, er Rosa Univers.

rosaunivers

Tidlegare denne veka feira Rosa innlegg nr 300 på bloggen sin, og annonserte ei lita trekning blant alle som la att ein kommentar. Eg la att nokre ord, men tenkte at det er det jo så mange som gjer, så eg gløymte det egentlig like fort.

Eg blei ganske overraska då eg i går fekk ein kosleg kommentar frå Rosa på min blogg, og fann dette innlegget på bloggen til Rosa. No er eg ganske spent på kva som ligg i posten ein dag:)

TUSEN TAKK, iallfall, for ei kjekk overrasking!

Oppfølging kjem sjølvsagt på bloggen. 

1 kommentar:

  1. Kjempe spennande! Gratulerer. Det er alltid gøy å vinne :)
    Eg vann trøste premien hos Black feathers og fikk en flott pakke i posten i dag :)
    Håpar du har det bra, og nyter gode vårdagar.
    Klem

    SvarSlett