torsdag, april 16, 2009

Innelåst…

I dag sørga mitt kjære søskenbarn Maria for at vi fikk oss ein god latter. I det ho forlot stallen, let ho sjølvsagt att døra, som seg hør og bør, og sette på kroken. Det var berre at eg og mamma var fortsatt inne.

Vår09 864Då vi skule gå, var døra stengt, frå utsida, utan muligheit å opne den frå innsida. Der er eit vindauge som kan opnast, og der er vel omlag 1,5 meter ned til bakken, så nokon stor dramatikk var det absolutt ikkje! I tillegg hadde eg for ein gong skuld med mobilen inn i stallen, så det var berre å ringe etter hjelp.

Men vi fikk oss uansett ein god latter – og noko å snakke om ;o)

No er det natt her! God natt!!!

2 kommentarer:

  1. Ingen kan kome å sei at ej ikkje bruka refleks iallfall!

    SvarSlett