torsdag, april 09, 2009

Ny versjon av Writer

Eg lasta for litt sidan ned ein ny versjon av Windows Live Writer, og her er ein del nye funksjonar, som eg ikkje heilt har oppdaga endå… Mellom anna er den på norsk no, forrige versjon hadde iallfall eg på engelsk. (akkurat det oppdaga eg vel og merke med det samme;))

Men i dag oppdaga eg ein ny funksjon, som eg må teste ut - “Fotoalbum”.

Eg har lånt pc, derfor er det litt begrensa med bilder som er på pcen her, så det vart test med nokre konsertbilder frå ungdomsklubben i desember.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar