søndag, juni 21, 2009

Kosleg bloggebesøk

Fredag var siste dag på jobb før ei veke ferie, og vi var i Ørsta på eit møte heile dagen. Eg kombinerte det med nokre ærend, og det kjekkaste var nok eit lite besøk i Volda.

Eg var nemleg så heldig å få helse på Anna Lisa, Tuva og vesle Tryggve Hjörtur :)

TUSEN TAKK FOR MEG, OG TUSEN TAKK FOR HJARTE!

Eg trur eg blei så full av inntrykk og glad, at eg gløymte heilt å kommentere kor fint hjarte var!! Endå finare enn eg kunne forestille meg på bildet!

Skjønne Tuva var litt blyg, og Tryggve veldig aktiv. Herlige born to har, Anna Lisa:)

Eg kunne gjerne ha prata endå lenger, hadde det ikkje vore for bursdagsselskap, som eg rakk akkurat ;)

Dessverre ingen bilder frå dagen…

image

1 kommentar:

  1. Koseligat du likte hjertet.
    Det var virkelig hyggelig å treffe deg også!!!
    Velkomen igjen :)
    Ha en flott søndag
    Klem

    SvarSlett