Lea si sjukdomshistorie har opptatt ein stor del av kvardagen min i det siste. Og for å setje lys på kor farleg ein liten flått faktisk kan vere, for dei store dyra som hest er, men også for menneske og hundar, vel eg å publisere innlegget også på denne bloggen!
I kveld anbefalar eg alle til å ta ei ekstra runde, både på to- og firbeinte for å sjekke etter flått på sine. Gjer det dagleg!! Eg unner ingen denne sjukdomsrunda.
Blodprøvesvara er her! Vi har endleg fått ei stadfesting på kva som plagar Lea! Ho er fortsatt bedre, men treng nok tid på seg til å bli heilt frisk. Heldigvis ser det ut til å gå rette veien.
Å analysere blod tek tid, men no har vi fått svar på blodprøver både for borreliose og anaplasma/erlichia.
Borreliose-svara kom først, for ei lita veke sidan, men desse var negative. Veterinær ba derfor om testing for anaplasma, som etter som eg les no, er det nye namnet for erlichia.
Desse svara kom i går, og prøvene var positive! Lea har altså anaplasma/erlichia, eller rettare sagt, ho har hatt, men er på bedringens vei no. Veterinæren tok nye prøver i går, for å samanlikne, å sjå om infeksjonen no er ute av kroppen.
Før eg publiserte bloggen om Lea si sjukdomshistorie, hadde eg aldri høyrt om erlichia. Veterinæren visste nok om den sjukdommen, og ville nok bedt om prøva uavhengig av om eg ba om det, men eg er likevel veldig glad for at eg fekk høyre om denne sjukdommen før prøvesvara kom. Då visste vi at det var ikkje berre var borreliose som kunne feile Lea, men også ein annan flåttbåren sjukdom, med ganske like symptom. Det gav oss eit ekstra håp, sagt på ein kanskje noko klønete måte.
Heldigvis er det same behandling som er anbefalt både for borrelia og erlichia, så Lea har alt fått antibiotika (tetracyklin intrevenøst) mot dette, og allereie etter første dag såg vi bedring.
Ho treng ikkje lenger smertestillande kvar dag for å fungere, og dei fleste sjukdomssymptoma er vekke no. Ein etter ein forsvant symptoma, og no er det kun stivheita som sit att. Ho er stiv om morgonen, kjem seg utover dagen, men er fortsatt noko stiv.
Vi må ta tida til hjelp, og fortsette å håpe på det beste. Vi har også vedtatt at noko tilbakefall her i gården er forbudt… Hadde berre det hjelpt!…
Engasjementet til alle vennar, bloggbekjente med fleire i denne sjukdomsrunda har vore enorm, og både til støtte og god hjelp for å finne ut av, og ikkje gi opp. Tusen takk til alle!
Må samtidig berre nytte høve til å gi ei spesiell takk til mamma, som har stilt opp heile veien, Maria, som har forska, lest og leita, spurt og forklart, Ragnhild, som putta bloggen min på framsida, slik at eg fekk mykje gode tips, og varme tankar, og såklart veterinærane, som har gjort så godt dei kan heile veien, og starta antibiotikabehandling før prøvesvara kom.
Det siste bildet her, er tatt dagen før “alt starta”. Eg gler meg til vi får gå på tur igjen!
Bildet av flåtten er lånt her.
Jeg er så glad for at dere fant ut hva det var, og at behandlingen ble startet opp og virker. Skummelt med disse sykdommene som slår dyra helt ut og de ikke helt kan fortelle hva som har skjedd. Fortsatt god bedring til Lea!!!
SvarSlettThank you for sharing this wonderful article with us. I would like someone reading my comment to have emotional depression or some psychological disorder. they can contact us on our website.
SvarSletthttps://www.psykiater.no/