onsdag, september 23, 2009

Alpakka apotek i Bergen og litt meir

Ny spennande butikk/apotek i Bergen!

For eit par veker sidan var vi på Sandvikgarden å feira tante sin bursdag. Sandvikgarden har også fått seg eigen blogg, verdt eit besøk.

image

På Sandvikgarden finn du mykje spennande å handle i Løda, mellom anna mange gode og varme produkt av alpakkaull, og du kan også handle tråd av alpakkaull, så du kan strikke sjølv.

image

Dei fører også andre produkt, og leverandørane er mellom anna Alpaca Society, Alpaca Experince, RICE, Èn Gry et Sif, TOVA, m.fl.

image

Men no er det ikkje berre på Sandvikgarden i Vanylven du kan få kjøpt desse produkta. I løpet av oktober/november opnar Alpakka Apotek i Drotningsvik senter i Bergen.

image

I tillegg til å ha fullsortiment av apotekvarer, vil Alpakka Apotek føre produkt frå produsentar som arbeidar for etisk handel, og ikkje minst, eit rikt utval av alpakkaprodukt.

image

image

image

Eg regnar med det blir ei like god oppleving å besøke Alpakka apotek som det er å besøke både Sandvikgarden og Krukkehuset. Derfor vil eg gjerne at fleire skal få den gleda, så eg reklamerer litt!

Eg syns berre det Aina (med familie) får til no er kjempeflott, mykje spennande og fint og sjå/handle. Håper mange i Bergen og omegn vil få glede av det nye apoteket!

Eg skal iallfall innom neste gong eg er i Bergen! Lukke til, Aina og resten!!

image

image

Alle bilda er lånt med tillatelse av Aina Moldskred Krakset. Bilda som ikkje står nettadresse på, er mine egne bilder.

1 kommentar:

  1. Det høyrdest ut som ein spennande kombinasjon! Ikkje så ofte eg er på den kanten av byen, men om eg er, så skal eg iallefall innom :D

    God helg, Annika!

    klem

    SvarSlett