onsdag, september 02, 2009

Bergen

I dag reiser eg ein tur til Bergen. Vi er fire damer frå jobb som skal på konferanse, og eg kjenner det skal bli litt godt å sjå litt anna enn rådhusets veggar i jobbsammenheng:)

Eg gler meg, og håper eg gjer rett i å la støvlane ligge att heime. No må eg pakke ferdig. Får satse på litt meir blogging når eg er tilbake frå Bergen.

Fortsatt god veke, og takk for kjekke kommentarar!

Vår 2009 1029

2 kommentarer:

  1. Kor koseleg!! Alltid kjekt å kome seg litt ut av bygda, sjølv om det er med jobben.. :)
    God tur! :)

    SvarSlett
  2. Hei Annika!

    Plutseleg kjem eg på at du skreiv til meg at du skulle til Bergen. Eg har ikkje vore i bloggeverda på over ei veke pga diverse førebuingar til den festivalen du veit, og no er eg antakeleg for sein. Det er ein time med tog frå meg til Bergen, men eg kunne godt ha teke den turen og ein kaffikopp med deg! Beklagar at eg no vart for sein - eg håpar me kan ta det att ved eit seinare høve.

    kos deg i Bergen, sjølv om eg er redd du vil sakne støvlane ;)

    SvarSlett