søndag, oktober 11, 2009

Og vips, helga er over!

Helgane går så altfor fort, men det er snart helg igjen!

På onsdag var vi som sagt på kino, vi såg The Proposal med Sandra Bullock og Ryan Reynolds. Ein herleg film som verkleg anbefalast, iallfall til jenter ;)

image

Sidan det har blitt litt mykje skriving på nettsider og blogg på jobb, har ikkje bloggen her blitt prioritert så mykje den siste veka heller. Eg er ikkje så flink å ta med meg kamera, og utan bilder er det heller ikkje så spennande å blogge ;)

Men Mitzi stiller sjølvsagt villig (eller uvitande) opp som modell, så vi har iallfall fått sikra oss nokre nye Mitzi-bilder, sidan vi har så få (ironi) frå før.

Mitzi 014Ho fann det rett nok best å skjule seg mest muleg då, om det var for kameraet eller for det triste og sure veret er uvisst.

Heldigvis har vi fått sett sola i helga, så det håper eg vi kan leve ei lita stund på! Mitzi 038

Elles har eg prøvd meg på å vere kreativ i helga, med å dekorere kubbelys, etter å ha lest om ideen ein eller annan plass på nettet. Ideen var god, og lyset blei fint – men eg er berre ikkje heilt sikker på kor trygt det er.

image-upload-150-779193

Ideen går altså ut på å dekorere lyset med ytste lag av ein serviett, og smelte denne inn i lyset. Det gikk heilt fint. Men servietten er jo fortsatt brennbar, og etterkvart som lyset brenn, står servietten att, lett-antenneleg. Ikkje så veldig lurt, kanskje?…

Men no skal eg finne køya. Ny dag, ny veke i morgon. Forhåpentligvis utan nedbør!

Mitzi 024

Håper alle får ei strålande veke! Tuddelu!

1 kommentar:

  1. Mitzi er så kul! B-)

    Satser på ei regnfri veke ja :D Snart er det helg igjen, gler oss til fredag :)

    SvarSlett