tirsdag, november 17, 2009

Vil du gi julegåve til borna ved asylmottaket?

Eg veit her er nokre frå området her som les bloggen min – og derfor legg eg ut ei lita oppmoding til alle dokke – kanskje kan du glede nokon ved asylmottaket til jul? Og kanskje er det tilsvarande ordningar andre stadar – slik at fleire kan glede nokon som ikkje får så mykje til jul?

Teksta under er henta frå nettsida til Ulstein kommune.

Ved asylmottaket i Ulstein bur der i dag om lag 50 born i alderen 0-16 år. Ulstein Frivilligsentral vil også i år samle inn julegåver til desse borna, og oppmodar folk om å gi ei gåve eller eventuelt gi litt pengar. Gåvene vert delt ut på ein førjulsfest i midten av desember.

image

Gåvene og julefesten har vorte ein fin tradisjon. Borna har sett veldig stor pris på gåvene, og så er det er ein fin måte å ynskje velkomne på.

Frå Frivilligsentralen vert det denne gongen presisert at gåvene som vert levert må vere ein ny ting, noko vi lager eller kjøper for å gi. Frivilligsentralen melder at dei ikkje kan ta i mot brukte klede eller leike.

Gåvene kan leverast på Ulstein frivilligsentral eller i Servicetorget på rådhus fram til 4. desember.

1 kommentar: