søndag, januar 10, 2010

Akebrettrace i Brandal

I går inviterte eg og ein sambygding til Akebrettrace i Indredalen i Brandal. Galskap vil nokon seie, men det var stor suksess.

Aking 039

Veien nedover Indredalen er ein fristande plass å ake, både for store og små. Ikkje så veldig trygt når bilane også kjører her. Derfor stengte vi veien ei kort periode i går, med vakter på alle veikryss, og inviterte til trygt race:)

Aking 040

Nærare 50 små og store stilte, med rattkjelkar, akebrett og nokon prøvde seg også med spark.

Aking 048

Etterpå var Pakkhuset (forsamlingshus) ope for små og store, alle fekk diplom, velforeninga selde mat og varm drikke, og huset var også ope utover kvelden for dei som ikkje legg seg så veldig tidleg.

Aking 085

NB! Vi oppfordrar sjølvsagt INGEN til å ake i bilveien, utan at det er organisert som gårsdagen.

4 kommentarer:

  1. Herlig! Det var bra dokke gjorde dette, det er stas å få lov til å ake på skikkeleg underlag ein gong i løpet av vinteren:)

    SvarSlett
  2. For eit flott tiltak! Me har òg ein veg i bygda som mange likar å ake i, men som er ganske skummel sidan det køyrer eindel bilar der. Då er det kjekt med ein slik dag eller kveld der små og store kan ake ilag, heilt trygt. Og flott med ei samling etterpå for alle - de er flinke!

    SvarSlett
  3. Takk for koselig helsing:)

    God Helg!

    SvarSlett
  4. Hei Annika :o))

    Takk for fine ord på bloggen min :o)
    Ja no he ej no sett gjennom din her og her va no mange fine bilder og masse kjekt å sjå og lese om!

    Såg kjekt ut m akebrettrace hehe ;o)

    Legge mej som følgar ej...det e no kjekt det når en kjenne kvarandre :o))


    Klem Hege :o))

    SvarSlett