fredag, januar 01, 2010

Juleglimt 2009

Så er jula over, og vi skriv eit nytt år, 2010. Eit eige nyttårsinnlegg kjem om litt ;o)

Jula har gått fort, og det er vel eit godt teikn, for vi har kost oss saman med gode vennar og familie, med god mat og fin julestemning ute også. Endå er det nokre fridagar att også. Herleg!

Desember 078Julafta feira vi som tidlegare nemnt i Brandal saman med mamma, Sindre’s foreldre og søster + samboar, og sjølvsagt Mitzi.

Desember 085  Desember 091

Desember 079Desember 102 

Ein fin julekveld,og eg er overvelda over kor mykje kjekt vi fekk. Visste du at det fins pannekakejarn, for eksempel? Nei, ikkje vi heller, men no veit vi det!

Desember 101 Desember 125  

1. juledag var det klart for julas første juleselskap i grenda her, og som vanleg var der utruleg mykje god mat.

Desember 112

2. juledag kom det litt meir snø, og sidan har det vel stort sett kome litt meir og litt meir og endå litt til dei neste dagane. Sindre var på jobb både 2. og 3. dag, og det blei ein tur innom kontoret på begge to 4. og 5. dag.

Jul 074

6. dag er min dag – min bursdag:) Så då var det ny runde med pakkar for min del. Og heldige meg fekk både nytt objektiv til kameraet mitt (55-250 mm), bølgetang, skåler, glas, blomar og anna som eg ønskte meg. Tusen takk alle saman!

Jul 164

Jul 167 Jul 159

Det har kome veldig mykje snø dei siste dagane, noko som er både kjekt og byr på litt utfordringar. Men det er iallfall kvitt og fint ute, og mange kosar seg i snøen.

Men med mykje snø på hustaket, kan det by på litt utfordringar, så då eine døra på loftet brått var veldig treg onsdag kveld/natt, fann vi ut at det var ein ting å gjere – måke snøen av taket…!

Romjul 058Med min høgdeskrekk, holdt eg meg på bakken, medan Sindre var den tøffe på taket!

Romjul 068Litt av snømengdene som var på taket. Ganske tung snø, så det var ikkje så rart at taket syns det var nok… Vi kom inn igjen kl 03.35!

Romjul 094Snøen kan også brukast til å bygge snøhole! Prosjektet er ikkje ferdig endå. Byggherre er Sindre.

Romjul 109Og inne kosar Mitzi seg med ei av dei kjekke julegåvene vi fekk, deilig og varmt pledd. 

Eit lite glimt frå vår jul.

3 kommentarer:

  1. Koselig dokke har hatt det :)
    Håpa du fekk fin bursdag også.
    Godt nytt år Annika.
    Klem

    SvarSlett
  2. Ser ut som dokke har hatt ei kjempe fin og koselig jul!
    Tenk at dokke måtte ut å måke tak :o Trur dokke må ha fått meir snø enn oss, og tyngre! Her er kun lett puddersnø, ca ein halv meter :)

    SvarSlett
  3. Huff, skummelt når taket må måkast. Då er det godt å bu med ein tøffing ;)

    Grattis med overstått, og godt nytt år!

    SvarSlett