tirsdag, februar 02, 2010

Sofa, pledd og fyr i omnen

I dag er eg heime frå jobb. Forma er ikkje heilt på topp, så eg og Mitzi kosar oss inne, med fyr i omnen, og gode pledd på sofaen.

Ute ser eg at sola skin på fjelltoppane, den “klatrar” lenger og lenger ned for kvar dag no, og om ein månads tid kan vi få eit solglimt inn stoveglasa også.

Eg innser at glasa må vaskast før den tid – etter ein vinter med stearinlys viser sot, og besøk av små barnehender set også sine spor. Eg ser ikkje vekk i frå at også Mitzi har litt skuld i dei skitne glasa. Og kanskje eg sjølv også;)

Det er sikkert greit at ikkje sola skin inn glasa før den gjer, då har eg endå litt tid på meg til å få vaska dei!

3 kommentarer:

  1. Sjuk igjen? Kjedeli da..! Må snart vere over no ;) Her har sola komt (30 min pr dag), så eg ventar berre på varmare ver så ein kan vaske vindu, hehe ;)

    SvarSlett
  2. Neimen, du må jo vere frisk i morgon, i alle fall! Kan ikkje drive på å vere sjuk, veit du:) Sola er her så korte økter at det er ikkje vits i å bry seg om at støv og skitne vindu blir avslørt...

    SvarSlett
  3. Heia!!

    ja det e vel litt av kvart so må vaskast ute etter en hard og kald vinter...gleda mej te våren og sommaren med lange late deilige dager hehe!! Da e no det kjekt å holde på m hest oxså da...E det nåke riding m dej?
    Ellers ligg ej oxså rett ut!! Fytti katta...fe håpe ej blir bedre snart...du fe ha go bedring og kos dej m pus og pledd og fyr i ovnen..smil!!
    Klem Hege

    SvarSlett