søndag, juni 20, 2010

Sommar?

I går flaksa det trampoliner, søppeldunkar og anna laust rundt husveggane til fleire her omkring. Rett nok såg eg ikkje noko som flaug her, men på facebook var det stadig oppdateringar som synte om flygande objekt – akkurat som ein annan hauststorm. HAUST ja. Vi skriv 19. juni i dag.

 

image 

I dag starta forresten Christoffer Remøy Endresen på sin tur Norge Rundt for kreftsaka. Eg bøyer meg i støvet, og heiar på han! Han har alt samla inn over 300.000 kroner, og meir blir det forhåpentligvis. Du kan fylgje han på si ferd på nettsida: http://www.norgerundt.com/ 

Sommar eller ei, det er helg, laurdag kveld, og kanskje på tide med litt søvn!

God søndag!

1 kommentar:

  1. Hei :))

    Ja nyyyydelig sommar hittil hehe...fe håpe det snur sej...litt fint no i dag da ;o))

    Jess ej heier på han ej oxså ♥

    Ha ei flott veke :)

    Klem :)

    SvarSlett